Og stoppa, det gjorde det. Alt i saman. No går eg stort sett rundt i ein uforklarleg tilstand og prøvar å kjenne på korleis eg har det, kva eg kjenner. For det skal ikkje vera så lett å vita, eigentleg, i alle fall når det varierer heile tida.
Når ein går og smiler det eine augeblikket, og svarar "takk, det går heilt bra" til folk sine kondolasjonar; medan ein det andre augeblikket står og ser kor liten og aleine ein eigentleg er, før ein ramlar saman på golvet og ligg og hulkar.
Sola skinn, meir enn på lenge, i alle fall i dette landet, og det gjer meg varm. Varm er ein bra ting, tykkjer eg. Og vatnet er og varmt, så då kan eg bada, som er noko av det beste eg veit om i heile verda. Eg har fått litt mindre vakter på jobben, så eg har fått nyta det, og eg fikk jobba på Gla'maten, som er kjempekjekt. Menneske, eg har fått masse tid saman med venar og familie, og det har vore fint. Men dette skremmer meg igjen, fordi dei forsvinner, nesten alle saman. Studera, dra i militæret, døy... Går stort sett i sånne ting.
Eg skulle ønska eg kunne gjera noko med det. Setta verden på pause og bare bestemma sjølv. Som sjølvsagt er forferdeleg, alle skal nå få velja sjølv, og er glade for alle som har kome der dei ville, og som har store planar.
Kanskje verdsett eg og dei få som blir igjen ekstra mykje no, som og er ein bra ting.
Men likevel, eg blir, og eg har same jobben, som eg plutseleg her om dagen blei lei, då eg fekk så mange skumle, vanskelege kundar at eg stod og grein på bakrommet når alle hadde gått sin veg. Eg trur ikkje man skal undervurdera å gå skikkelig lei; ein skal gå vidare når det er tid for det. Ein treng ikkje akkurat springa i veg med hendene i vêret og skrika som om Gamleerik sjølv var like bak, men når ein ser at ting byrjar å bli litt for likt, litt for lite givande, og rett og slett litt for grått og keisamt, vil eg seie det er på tide å begynna å foreta seg små endringar med si eiga tilvære.
Eg gjekk ned i byen og handla chiliolje eg skal bruka når eg lagar mexicansk mat, pesto til pastaen, nykverna kaffe, engelsk frokostte, telys til å ha på kjøkkenet, ei ny kokebok og ein CD eg hadde hatt lyst på i evigheitar. Bare for å gjera min lille heim litt meir koseleg å opphalde seg i. Det hjelpte det, heil fram til neste morgon då telefonen vekte meg opp med dårlege nyheiter.
No veit eg ikkje heilt kor eg skal gjera av meg.
Men tingen er i alle fall, desse små tinga eg kjøpte, dei var eigentleg nok til å gjera alt litt betre, det var jo berre tilfeldig at dei dårlige nyheitene kom så kort tid etterpå.
Poenget trur eg er, at alt endrar seg, og då er det farleg å berre la seg sjølv stå i ro og observera. Ein skal ikkje flytta til ein annan by før ein er klar, og ein skal ikkje studera noko vilkårleg berre for å komma i gong, og ein skal i alle fall ikkje verva seg til militæret berre for å sleppa å kjeda seg, men ein SKAL passa på å ha det så bra som ein best mogleg kan, sjølv om det ofte er vondt og sjå på, at menneske forsvinn, at vener flyttar sin vei, og at livet ser ut som om det smuldrar vekk.
Eg trur og, at eg er miserabel og redd, og at eg er nær ved å mista kontroll, men at ting eigentleg ikkje kjem til å bli så veldig ille. Det hadde i alle fall vore utappert å gje opp no.
----------------
Now playing: Okkervil River - A Girl In Port
Thursday, July 31, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

2 comments:
Sidan eg òg er ein av dei som vert igjen kjenner på kjensla av at alle andre flyttar vekk og byrjar på noko nytt, så kan me vel treffast på kafé ein dag? Eller du kan læra meg å laga sør-amerikansk mat, så lærer eg deg å laga dei beste, tynnaste pannekakene eg veit om :)
Det høyres veldig bra ut, alt saman. Eg trur me har ein plan:)
Post a Comment