Moglegheita til å sova lenge, og å vita at ein ikkje TRENG å gjera noko som helst krevjande i laupet av timane som kjem etter att ein har vakna.
Ute er det kaldt, og snøen ligg på bakken. Fargar alt kvitt, gjer dagen lysare og kanskje til og med litt lenger.
Åleine heime i ny leilighet, med rista brød og te til frukost.
Radio, som merkeleg nok spelar usannsynleg mange passande, hyggelege songar og ingen reklame.
Ei stor, tjukk bok ein ikkje kan venta med å lesa vidare, fordi den er så spennande.
Teppe.
Eit generelt positivt syn på tida framover.
----------------
Now playing: The Mars Volta - Vicarious Atonement
Saturday, February 02, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

0 comments:
Post a Comment