Friday, January 25, 2008

Livet

Så sitt eg her, på randa til mitt nye liv. Som alt i alt eigentleg ikkje er eit nytt liv, for vi har ikkje fleire.

Jobben har eg fått. Leiekontrakten for leiligheten er skrevet under på. Skattekort i boks. Alt er fiksa. Noko som bare er ein løgn, for det er framleis mykje som manglar, og eg kjenner eg treng litt tid for å få stabla dette skikkeleg på beina, livet mitt.

Men snart er eg borte frå alt det eg ikkje likar med dagens butilstand, kva no enn det var for noko. Det er ein positiv ting. Så sjølv om eg ikkje har orden, er eg kvitt eit problem, eller kanskje til og med fleire. Diverre er eg redd for å ha skaffa meg eit nytt. Er det slik det fungerer? Eg har fått inntrykk av det.

Akkurat difor er det bare å kasta seg i det, for det blir ikkje perfekt uansett kor lenge ein ventar.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera, så eg les og ser. Eg går på biblioteket, og byrjar å lesa i ein vilkårleg bok som ligg på eit av borda. Andre tar valet for meg. Det siste eg las, var eit amerikansk kunstarmagasin. Eg blei ikkje imponert, og lærte ingenting eg føler eg har bruk for.

Eg sitt på biblioteket sine datamaskinar, men eg ser ikkje særleg mykje på skjermen; eg ser på menneska som vandrar utanfor. Eg tenkjer på kven dei er, og kvifor dei ikkje er ein annan stad, og kvifor dei ikkje ser inn og tenkjer det same om oss som sitt der. Eg ser masse vakre menneske, me har mange av dei i Stavanger, tykkjer eg. Men eg snakkar ikkje til dei, for eg veit at eg i 90% i tilfella blir skuffa på ein eller annan måte, og har rekna ut at det beste er å leva med illusjonen. I hvertfall så lenge det er forsvarleg å ikkje vite sanninga.

Har man først prata med eit menneske, må man med ein gong sjå etter den ekte personen bak ansiktet.

I dag såg eg ein heil menneskegruppe kledd i svart gråte mens ei kledd i fargar song. Eg lyg. Eg såg det ikkje, eg var ein del av det. Men det verste var ikkje mi sorg, eller dauden i seg sjølv, det verste var å sjå sonen hans, kor knust han var. Det smerta alle som var der, det er eg heilt sikker på.

Og så. Korleis familiekonfliktar ikkje kan leggjast til side ein gong ved slike anledninger. Eg er glad for at vår familie ikkje er så splitta og øydelagt, sjølv om den ikkje er veldig samansveisa heller.

Kva er det eg seier? Min familie er så splitta at eg har to. Men det gjer ikkje eigentleg noko, så lenge dei ikkje kranglar lenger. Noko dei ikkje gjer.

I dag fotograferte eg min eigen far og ein av hans beste vener med tårer i auga, mennene på fem og førti år.

0 comments: