Om under eit døgn er 7 blitt bytta ut med 8, og ein stor prosentdel av oss alle er høgst sannsynleg berusa, eller saman med nokon som er det. Dette er stort. Eitt nytt år, stort. I alle fall verkar det som om mange likar å tru det.
Jens Stoltenberg skal halda nyttårstale, og alle gleder seg og gruar seg til å høyra kva han har å sei om barnehagar og om å redde verda frå global oppvarming.
FÅKK JENS.
Kan nokon sei meg kvifor regjeringa har lagd så fine, ambisiøse mål, men ikkje gjer ein dritt?
Og be han henta heim desse soldatane, er du snill.
Eg skal fortella eit lite eventyr:
Det var ein gang ei lita jente som var bestemte seg for å bli medlem av AUF, fordi ho tenkte at saman med alle desse flotte ungdomane med gode meiningar, skulle det nå kunne gå an å hjelpa Arbeiderpartiet inn på skinnene sine igjen. SÅ FEIL TOK HO. Og ho gav opp, etter å ha innsett at Arbeiderpartiet gjer kva dei sjølv vil. Dei tar innspela frå AUF, LO og dei andre regjeringspartia til etterretning, men det er ikkje akkurat ofte det har så mykje å seie. Den einaste som kan klara å OVERTALA Arbeiderpartiet til noko, er pressa. Fordi pressa bestemmer kva folk skal meine, så når pressa seier at noko er feil, må Arbeiderpartiet til slutt sei seg einig. Etter litt kamp, så klart.
Arbeiderpartiet har sote med for mykje makt alt for lenge, og har gløymt etter eller anna viktig igjen på vegen, utan at eg heilt klarer å setja fingeren på KVA.
Men det var ikkje dette eg skulle skriva om, det bare blei til det. For det er siste dag i dette året, eit stort år for min del. Eg gjorde meg ferdig med den helvetes videråande skulen og reiste til Nicaragua, der eg lærte meg spansk, i alle fall sånn relativt godt. Eg kom heim, og alt var annarleis enn kva det var før eg reiste, og eg sitt igjen med ein tom kjensle av å ha mista noko, og med ein heil blank framtid.
Det er, når alt vatnet har fordampa ut av gryta, DET som ligg på botn og gjer at eg er sånn eg er for tida, korleis det enn er. Folk merkar det hvertfall, i alle fall dei som har gitt det litt tid og har sett litt ekstra. Dei seier det, og spør kva som er greia. Vel, dette er mitt einaste svar.
Eg veit ingenting, men eg har planar, og dei er så bra at eg ikkje trur på at det kjem til å skje, sams med at eg kjenner at dei bare MÅ skje, for mitt eiga beste. Eg skal på Roskilde, der alle saman skal bu i ein stor leir og bruka lavoen til Oli som partytelt, og etterpå skal eg til Berlin, før eg skal til Cuba. CUBA. CUBA CUBA CUBA,
Men tenk om Castro døyr? Då er planane allereie øydelagt.
Og etterpå skal eg på SU-sommarleir. Eg syns det høyres sjukt anti-klimaks ut etter å ha snakka om alt det andre eg skal.
Dessutan har eg og Martine avtalt å slutta å røykja. Som nyttårsforsett.
Eg har aldri hatt heilt trua på nyttårsforsett, for eg har aldri sett at det har funka, for andre folk. Foreldre og sånt, veit du? Eg fatte ikkje at eg ikkje før nå har innsett at det ikkje har noko å seie kva andre har klart og ikkje klart på det punktet, fordi alle menneske er forskjellige, og om ein klarar det eller ikkje kjem bare an på tru og vilje.
Eg feilar, fordi eg ikkje har tru og vilje.
Det var ikkje oppmuntrande.
2007. Eit år eg kjem til hugsa.
2008. Eg veit ikkje noko om det året endå.
Og eg skal slutta å røykja, det har eg og Martine avtalt.
Eg syns nyttårsforsett og trua på at eit nytt år skal bli betre enn eit gammalt, men kanskje, bare kanskje, er det bra at dette fiksjonelle skiftet verkar så stort og viktig.
Det gjer kanskje.... HÅP?
Sunday, December 30, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

0 comments:
Post a Comment