Vegen heim var glatt for meg med sommarskoa mine. Det gjekk fint, men eg var litt rett for å detta der eg gjekk med bassgitaren på ryggen i nattemørket. Jepp, nytt band har starta opp. Det har ikkje namn ennå, men instrumenta er gitar med diverse effektar, keyboard, klarinett, bassgitar og cello. Eg trur det kan bli bra.
Eg var eit par dagar ute på Brimse for å besøka familien og for å passa småsøstrene mine. Der blei eg ferdig med The Kite Runner av Khaled Hosseini, ei bok eg likte fantastisk godt. Den var ekte; ikkje ei sann historie, men kunne like gjerne vore det. Smertefull, direkte, vakker. Du kan ikkje vita slutten for der som å vita kordan livet går for eit menneske, og du lærer antagelegvis mykje om Afghanistan. Psyken til menneske er særs sentral, saman med historia til Afghanistan, og eg elskar den. Nokre gongar er det heilt rett å få ting som dei er, ikkje skjult i biletbruk og musikk.
Sitert frå boka:
"I became what I am today at the age of twelve, on a frigid overcast day in the winter of 1975. I remember the precise moment, crouching behind a crumbling mud wall, peeking into the alley near the frozen creek. That was a long time ago, but it’s wrong what they say about the past, I’ve learned, about how you can bury it. Because the past claws its way out. Looking back now, I realize I have been peeking into that deserted alley for the last twenty-six years."
"Children aren't coloring books. You don't get to fill them with your favorite colors."
"Children aren't coloring books. You don't get to fill them with your favorite colors."
Angåande Afghanistan, eg syns krigen er ein vanskeleg sak. Eg er heilt imot at me skal vera her, men eg ser òg vanskane med å trekkja seg ut no som me først er blanda inn. Eg trur eg veit kva eg meiner, men eg er endå ikkje 100% sikker.

0 comments:
Post a Comment