Tuesday, December 09, 2008

Eit år er lengre enn 400 dagar

Eg gjer opp, eg har masse rare, tekniske problem med denne bloggen. Det er syns, for eg har hatt han lenge, men no er eg lei.

Vær så god.

Tuesday, October 14, 2008

Søknad, fordi det eg vil er dette.

Kva skal eg gjera?

Reflektera meg sjølv, eller i alle fall det som er min eigen skrivestil. Eller det eg vil at min eigen skrivestil skal vera.

Spenstig språk og morosamt, men seriøst og grammatisk korrekt. Nøye, velplassert, forståeleg, ikkje for lange setningar, perfekt lengre på teksten... og ærleg. Eg vil jo vera ærleg. Eg er ærleg. Eg skriv ærleg.

Er det bra nok? Skinn det igjennom at dette er perfekt, dette er sånn det skal vera.

Tenk om det ikkje er det?

Gjer det eigentleg noko? Eg kan jo berre prøva igjen seinare, og jo lenger eg venter, jo meir sannsynleg vil det vera at eg faktisk kjem inn, at eg blir ein av dei.

Er eg i det heile tatt klar no, uansett? Er eg ikkje veldig engasjert i mitt liv her, i Stavanger, min vugge? Vil eg reisa, flytta min veg, i januar?

Vil eg eigentleg det?

Eg kjeder meg jo litt, det er ikkje det same lenger. Men noko er framleis bra, noko til og med betre.

Heilt klar kjem eg nok sikkert aldri til å bli. Likevel kom eg meg jo av garde sist gang, og det var til ein annan del av verda, over Atlanteren. Dette er berre i Noreg, ikkje så langt vekke, og no er eg vane med å bu åleine òg.

Mest av alt er eg redd for å ikkje vera god nok, trur eg.

Det er eg vel ikkje heller.

Eg er så nervøs, så redd, eg er så teit, kvifor har finn eg ikkje vitnemåla mine, kva skal eg gjera? Attestar, eg hadde heilt gløymt det ut, sjølv om eg visst eg måtte ha det, no er det for seint.

Faen.

Eg er visst ikkje vaksen nok uansett.

----------------

Now playing: Radiohead - Pyramid Song

Thursday, July 31, 2008

Det sa stopp.

Og stoppa, det gjorde det. Alt i saman. No går eg stort sett rundt i ein uforklarleg tilstand og prøvar å kjenne på korleis eg har det, kva eg kjenner. For det skal ikkje vera så lett å vita, eigentleg, i alle fall når det varierer heile tida.

Når ein går og smiler det eine augeblikket, og svarar "takk, det går heilt bra" til folk sine kondolasjonar; medan ein det andre augeblikket står og ser kor liten og aleine ein eigentleg er, før ein ramlar saman på golvet og ligg og hulkar.

Sola skinn, meir enn på lenge, i alle fall i dette landet, og det gjer meg varm. Varm er ein bra ting, tykkjer eg. Og vatnet er og varmt, så då kan eg bada, som er noko av det beste eg veit om i heile verda. Eg har fått litt mindre vakter på jobben, så eg har fått nyta det, og eg fikk jobba på Gla'maten, som er kjempekjekt. Menneske, eg har fått masse tid saman med venar og familie, og det har vore fint. Men dette skremmer meg igjen, fordi dei forsvinner, nesten alle saman. Studera, dra i militæret, døy... Går stort sett i sånne ting.

Eg skulle ønska eg kunne gjera noko med det. Setta verden på pause og bare bestemma sjølv. Som sjølvsagt er forferdeleg, alle skal nå få velja sjølv, og er glade for alle som har kome der dei ville, og som har store planar.

Kanskje verdsett eg og dei få som blir igjen ekstra mykje no, som og er ein bra ting.

Men likevel, eg blir, og eg har same jobben, som eg plutseleg her om dagen blei lei, då eg fekk så mange skumle, vanskelege kundar at eg stod og grein på bakrommet når alle hadde gått sin veg. Eg trur ikkje man skal undervurdera å gå skikkelig lei; ein skal gå vidare når det er tid for det. Ein treng ikkje akkurat springa i veg med hendene i vêret og skrika som om Gamleerik sjølv var like bak, men når ein ser at ting byrjar å bli litt for likt, litt for lite givande, og rett og slett litt for grått og keisamt, vil eg seie det er på tide å begynna å foreta seg små endringar med si eiga tilvære.

Eg gjekk ned i byen og handla chiliolje eg skal bruka når eg lagar mexicansk mat, pesto til pastaen, nykverna kaffe, engelsk frokostte, telys til å ha på kjøkkenet, ei ny kokebok og ein CD eg hadde hatt lyst på i evigheitar. Bare for å gjera min lille heim litt meir koseleg å opphalde seg i. Det hjelpte det, heil fram til neste morgon då telefonen vekte meg opp med dårlege nyheiter.

No veit eg ikkje heilt kor eg skal gjera av meg.

Men tingen er i alle fall, desse små tinga eg kjøpte, dei var eigentleg nok til å gjera alt litt betre, det var jo berre tilfeldig at dei dårlige nyheitene kom så kort tid etterpå.

Poenget trur eg er, at alt endrar seg, og då er det farleg å berre la seg sjølv stå i ro og observera. Ein skal ikkje flytta til ein annan by før ein er klar, og ein skal ikkje studera noko vilkårleg berre for å komma i gong, og ein skal i alle fall ikkje verva seg til militæret berre for å sleppa å kjeda seg, men ein SKAL passa på å ha det så bra som ein best mogleg kan, sjølv om det ofte er vondt og sjå på, at menneske forsvinn, at vener flyttar sin vei, og at livet ser ut som om det smuldrar vekk.

Eg trur og, at eg er miserabel og redd, og at eg er nær ved å mista kontroll, men at ting eigentleg ikkje kjem til å bli så veldig ille. Det hadde i alle fall vore utappert å gje opp no.

----------------

Now playing: Okkervil River - A Girl In Port

Saturday, April 12, 2008

Døden

1: Eg er no heilt sikkert på at ein kan kjenna det på seg når nokon som står ein nær dør.

2: Eg er ikkje trist, eg kjenner det ikkje i det heile tatt. Eg har alltid sett for meg at det kom til å vera knust denne dagen, men så er det ikkje.

Sunday, March 30, 2008

Film - I

Dette er eit nytt prosjekt, der eg har planar om å skriva ned masse tips om filmar folk burde sjå, i alle fall ut i frå min personlege filmsmak. Men akkurat i første omgang vil eg kun presentera filmsmaken min, samt eit par andre ting, før eg seinare går over til å skriva om mine personlege favorittar innan forskjellige genere.


Eg likar ikkje å henga meg veldig opp i genere, fordi eg ikkje klarar å vela ut ein favoritt, på same tid som eg syns det er vanskeleg å plassera filmar, frå tid til annan. For å gi deg ein idé om kva slags filmperson eg er, gjer eg det heller på denne måten:
Eg er stor fan av Quentin Tarantino, Jim Jarmusch og Tim Burton. Eg er fan av uforutsigbarheit og originalitet, men nokon gonger kan det vera godt å sjå enkle filmar som alltid endar med at Hugh Grant får kvinna han vil ha. Gudfaren, Star Wars, Moulin Rouge, Napoleon Dynamite og Trainspotting er alt ting som fall i smak, og det er ingen på skjermen som får meg til å le meir enn gutane frå Monty Python. Og greit, dei tre nemnde regissørane mine er amerikanske, men eg har eit generelt inntrykk av at det er britar og franskmenn som er meistrane når det kjem til kunsten filmskaping. Det skal seiast at det skal mykje til for å imponera meg med skrekkfilmar og komediar, men det er slett ikkje umogleg...

Så då veit du det. Eg kunne sikkert skreve meir om det, og men eg har ikkje tenkt å kjeia dykk, lasere. Over til neste ting:

IMDB. Filmspesialisten på nett. Dei har mykje interessant. Fakta, bilete, sitat, soundtrackinformasjon..... og lister. Som ei byrjing vil eg difor låna deira liste over dei beste filmane i verda. For dei er ikkje så dumme, dei som stemmar over kva filmar som hamnar på lista. Eg har ikkje sett alt, så eg har ikkje grunnlag for å gå god for ho, men eg tvilar ikkje på at dette er mykje i seg sjølv, bare dette.

1.9.1The Godfather (1972)269,541
2.9.1The Shawshank Redemption (1994)318,800
3.9.0The Godfather: Part II (1974)154,341
4.8.9Buono, il brutto, il cattivo, Il (1966)88,379
5.8.8Pulp Fiction (1994)273,531
6.8.8Schindler's List (1993)183,165
7.8.8One Flew Over the Cuckoo's Nest (1975)137,246
8.8.8Star Wars: Episode V - The Empire Strikes Back (1980)193,002
9.8.8Casablanca (1942)119,842
10.8.8Shichinin no samurai (1954)67,096
11.8.8Star Wars (1977)232,975
12.8.8The Lord of the Rings: The Return of the King (2003)244,856
13.8.712 Angry Men (1957)64,833
14.8.7Rear Window (1954)79,486
15.8.7Goodfellas (1990)149,198
16.8.7Cidade de Deus (2002)93,786
17.8.7Raiders of the Lost Ark (1981)165,864
18.8.7C'era una volta il West (1968)44,586
19.8.7The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring (2001)277,737
20.8.7The Usual Suspects (1995)188,172
21.8.6Psycho (1960)97,783
22.8.6Dr. Strangelove or: How I Learned to Stop Worrying and Love the Bomb (1964)113,317
23.8.6Fight Club (1999)243,247
24.8.6The Silence of the Lambs (1991)166,834
25.8.6Citizen Kane (1941)102,972
26.8.6North by Northwest (1959)64,796
27.8.6Memento (2000)178,528
28.8.6The Lord of the Rings: The Two Towers (2002)228,845
29.8.6Sunset Blvd. (1950)34,540
30.8.6It's a Wonderful Life (1946)72,617

Saturday, March 29, 2008

Draumar og fakta

Ein rasist kan aldri rettferdiggjera sitt syn for andre, uansett kor mange eksempel han visar til, for når alt kjem til alt, kan ikkje menneske delast inn i rasar uansett, og om dei kunne det, ville eksempla bare ha representert enkeltindivid eller kanskje små grupper; avvik, unntak.

Takk for meg, eg skulle gjerne ha skreve meir, men eg brukar nok tid på å skriva andre ting for tida.

Har eg nemnd at eg vil bli journalist? For det vil eg. Og eg seier gjerne takk til forskjellige lure tips. Bror er veldig flink med det, utan at eg ein gong har spurt han om det, takk for det.

Saturday, February 23, 2008

word on the street

Eg fekk nettopp høyra "Herregud, eg er så imot dette med å utgjevna forskjellar! Tenk så keisamt det hadde vore om alle skulle gjort det same, heldt på med det same og vore dei same!"

Ja, for det er jo det folk meiner når dei snakkar om å gjevna ut forskjellar?

Eller kva med at alle skal ha moglegheita til gjera det dei vil utan begrensingar på grunn av kjønn, legning, etnisk tilhøyrigheit og siffer på bankkontoen? Kanskje å gjevna ut forskjellane rett og slett eigentleg er ein måte å la folk vera forskjellege på grunn av at dei gjer dei vil, framfor å måtte vera forskjellige frå andre på grunn av at dei er født inn i eit samfunn der me har normer for normalitet?